LibreOffice 24.8 Hjelp
I LibreOffice inneheld eit API (Application Programming Interface) som kan brukast for å styra ulike komponentar i LibreOffice ved hjelp av ulike programmeringsspråk og LibreOffice SDK (Software Development Kit). Du kan finne meir (på engelsk) om API og SDK i LibreOffice på https://api.libreoffice.org.
Denne bolken forklarar dei vanlegaste funksjonane i LibreOffice Basic. Du kan finna meir utførleg informasjon (på engelsk) i Designing & Developing Python Applications på Wiki-en.
Du kan køyra Pythonskript ved å velja . Du kan redigera skripta med ein teksthandsamar. Pythonskript er omtalte fleire stadar vidare utover. Du kan finna programeksempel for makroar som viser korleis du kan bruka den interaktive Pythonkonsollen frå LibreOffice.
LibreOffice-skriptrammer for Python er valfrie på enkelte GNU/Linux-distribusjonar. Viss dei er installerte, er det nok å velja og kontrollera i Programmakroer at makroen HelloWorld – HelloWorldPython finst der. Viss han manglar, sjå distribusjonsdokumentasjonen for å installera LibreOffice-skriptrammer for Python.